Ny og utvida utgåve av barneboka frå 1989, som blir gitt ut i utgåver både på bokmål og nynorsk. Ho bygger på faktiske hendingar og fortel om spennande ting 8 år gamle Johan Carsten Emil opplever i Gamlebyen i Fredrikstad i 1832.
Denne dagen er to rømlingar lause i Gamle Fredrikstad, og Johan Carsten Emil er på jakt etter den eine av dei. Vi følgjer han omkring i det litle garnisonsbysamfunnet. Han er på skolen, på tivoli og i høkerbutikken. Han får til og med treffe ein farleg straffange.
Eit eige kapittel fortel Fredrikstads historie for barn.
Ein kan tinge boka som pocketbok, innbunden bok eller e-bok.






